Osebergschiff Wikinger Oslo

Beitrag vom Dienstag, 31. Juli 2018

Die Wikinger

Håvåmål

1
Bruk auga vel før du går inn i kott og krok.
Det er uvisst å vite kor uvenner sit framfor fot.

2
Sæl den som gir! Gjest har komme inn, kor finn han plass å sitje?
Den som får sitje på vedkubbar når han fører fram ærend, kan fort bli brå.

3
Den som har komme inn og frys på knea, treng eld.
Den som har fare i fjell, treng mat og klede.

4
Han ventar å få vatn og handduk når han blir bedt til bords.
Syn godlaget fram, så greitt du kan, med ord og attbeding.

5
Vett treng den som skal fare vidt; mangt er eigna heime.
Den som veit for lite, blir uthengt i lag med smarte.

6
Av eigen klokskap treng ingen skryte, men halde tanken i taume.
Du kjem ikkje brått i beit når du driv [1] vettig og ganske fåmælt [2] i gardane.

Drive (her): svive, vanke, fare (omkring) o.a.
Eller mest teiande – eig. tagal: (1) som taler lite; (2) teiande.
7
Smålåten, varsam mann teier i gjestebodet, alt mens andre talar.
Lyder med øyra, speidar fornuftig med auga, vel tenkt og føre var.

8
Glad kan den vere som vinn godt omdømme mellom folk.
Det er likevel berre så som så med det du eig i annan manns barm.

9
Glad kan den vere som sjølv eig hugnad og heider.
Ofte har menn ausa fæle råd frå hjerta hos andre.

10
Du ber ikkje betre bør i bakken enn bra med vett.
Det er betre enn gull i fremmend gard; godt vett er stakkars trøst [1].

Også lindring, tillit.
11
Du ber ikkje betre bør i bakken enn mykje bra vett.
Du legg ikkje i veg med verre niste enn for mykje øl.

12
Øl er ikkje så godt for vettet som folk seier det er.
Dess meir du drikk, dess mindre vett i skolten.
[Når ølet går inn, går vettet ut.]

13
Gløymsle-hegren sit over drikkegildet, frå mange syg den fuglen makt.
Eg blei reint forgjort av fjørene i Gunnlod-gard.

14
Eg blei både ør og full hos vismannen Fjalar.
Kan ein kome heil frå gildet, er det bra –

15
Klok og teiande kongsson skal stå uredd i sin strid.
Glad og lett skal kvar gut svive til siste dag.

16
Ein stakkar tenkjer han får leve, der han dreg seg ifrå strid.
Men alderdommen gir ingen fred til den som blei spara for spyd.

17
Kopen glanar, kjem han til selskap, fomlar butt og mullar.
Så snart han får ein slurk, sullar han utan stans.

18
Den som har drege vidt mellom folk,
kan seie kva ande som rår i folk han møter.

19
Spar ikkje mjøden, men drikk med måte.
Sei det som trengst eller tei!
Ingen har rett til å terge og klandre deg
om du vil tidleg i seng.

20
Storetaren et seg mest i hel om han ikkje aktar seg.
For magen sin blir mang ein narr til lått mellom kloke.

21
Bølingen veit når den skal kome heim frå beite om kvelden,
storetaren veit aldri å halde magemål.

22
Vrange og leie lastar og ler støtt.
Dei veit knapt det som trengs: at dei sjølve har lyte.

23
Den som er utan vett, vaker heile natta,
tenkjer både opp og ut.
Trøytt og mod når morgonen kjem.
Då er alt flokete som før.

24
Ein dumstut trur vel om alle som helsar blidt.
Han merkar slett ikkje dei legg snarer for han,
om han sit i hop med dei lure.

25
Susete mann trur vel om alle.
Først når han kjem i skarp strid om rettar går det opp for han:
Få vil forsvare den ukloke. Hjelpande slekt har fjolset lite av.

26
Uklok mann trur han veit alt, sit han for seg sjølv.
Finn andre han, kjem det i dagen han kan ingen ting, er utan råd.

27
Å teie mykje er jamt tryggast for den dumme som vankar ute.
At han veit lite merkar ingen, når han ikkje taler så mykje.

28
Den som kan frette forsiktig og sjølv gi svar, verkar klok.
Det som er brakt ut blant folk, blir ikkje løynd lenge.

29
Den som aldri teier, skvaldrar frå seg gode kår.
Kjapp og dårleg styrt tunge kaklar ofte mykje skade på ein mann.

30
Ingen skal ha ein annan til spott der han gjestast.
Den som ikkje blir spurd om noe, trur ofte han er klok der han sit og ruggar.

31
Gjesten som spotta annan gjest i gilde og spring sin veg, synst vel han er gløgg.
Flirande sannar han neppe godt at den flirande har råka leie.

32
Det finst mange gode naboar som alltid må kjekle i gilde.
Det er stadig opphav til strid at gjest er lei imot gjest.

33
Et støtt ein skikkeleg frukost før du gjestar einkvan.
Så slepp du å sitje svolten og kei og ikkje makte å få fram så mykje.

34
Det er omveg å fare til venn som neppe er å lite på; omveg om han så bur midt i bygda.
Til godven går beinvegar sjølv om han er langt av lei.

35
Far vekk ei stund då og då, som det høver: Ver ikkje alltid gjest på same staden.
Folk blir leie sjølv av den kjære som blir sitjande lenge på krakken til ein annan.

36
Ei lita hytte er betre enn ingenting, heime er kvar mann herre.
Har du to geiter og saltak med rafter av tau, treng du ikkje tigge.

37
Liten heim er betre enn ingen, heime er kvar mann herre.
Hjertet blør i den som må tigge for kvart måltid.

38
Ein skulle aldri gå så mykje som eit steg frå våpna sine på sletta.
På vegen er det tidt uvisst å vite når ein treng spyd.

39
Vi finn vel ingen som er så gjevmild og gjestmild at han ikkje tek mot gåver og takkar.
Eller så raus med det han eig at han nektar gjengjeld, takk eller løn.

40
Det du sjølv eig, kan du bruke til eige vel.
Det som var tiltenkt kjekke, havnar ofte hos leie; mangt går verre enn håpt.

41
Venner bør veksle fine gåver som våpen og klede: dei sjølve viser dei best.
Gåver likt for likt gjer vennskap drygt, om elles alt blir vel.

42
Vennen sin skal ein vere venn for og løne gåve med gåve.
Møt nidlått med nidlått og løgn med løgn.

43
Vennen sin skal ein vere venn for, både han og vennen hans.
Det sømmer seg ikkje for fagna folk å vere venn med uvenns venn.

44
Veit du ein venn å stole på, og vil vinne fagnaden hans: del tankar oppriktig, gi heile din hug,
spar ikkje gåva,
dra titt og ofte og treff han.

45
Trur du dårleg om einkvan og likevel vil få fagnad:
fortel flott, tenk falskt,
møt løgn med løgn

46
Den som du trur er ille og ikkje til å stole på: le med når han ler, lat som du er venn;
Gi lik gåve og løn.

47
Då eg var ung og for aleine, fór eg vill på vegen.
Då eg møtte ein annan, syntes eg at eg blei rik.
Mann er mannens glede.

48
Blide, modige menn lever best, dei avlar seg sjeldan sorg.
Den feige er redd for alt,
den gjerrige gryler og kvin når han får.

49
Kleda mine kasta eg til to tremenn på sletta.
Med klede blei dei kaute karar: Neist blir den nakne.

50
Tørkar ungfura vekk i tunet, blir den snaua for bork og bar.
Slik er kvar mann som manglar kjærleik, korfor skal han leve lenge?

51
Heitare enn eld brenn fagnad i fem dagar hos dårlege venner.
Men sjette dagen sloknar den, då går det verre for vennskapen.

52
Gåver treng ikkje vere særleg flotte, ein får ofte lovord for lite.
Med ein liten brødbit og eitkvart i staupet, fekk eg meg ein felle.

53
Eine vedskia setter fyr på hi, ho brenn til ho er utbrend, flamme blir tend av flamme.
Ved samtalar blir du kjend med andre, mest dott blir den som gøymer seg kry.

54
Det finst grunne sjøar og grunne sandbankar: det er grunt i hugen hos mange.
Du finn ingen stad alle like kloke; over alt finst begge sortar.

55
La kvar mann vere middels klok, ikkje altfor klok;
sjeldan er dei overhendig kloke glade i hjertet.

56
La kvar mann vere middels klok.
Livet er lettast å leve for den som veit eitkvart.

57
Livet er lettast for middels kloke.
Lagnaden skulle ingen speide ut føreåt, då er ein sælast i sinn.

58
Stå opp i otta om du vil bli rik og felle hine.
Liggjande ulv får sjeldan lammekjøt, den sovande sigrar sjeldan.

59
Stå opp grytidleg om du har få til hjelp: gå sjølv og sjå vel over alt du rår over.
Mangt bruker morgonsømnen opp for deg;
kjapp er halvt på veg rik.

60
Det krevst mål på kor mykje som trengst av kva for kvar vinter – tørrved og never å tekkje med:
kor mykje ved som vel kan vare eit halvår.

61
La fillete kar få ri vaska og mett til tings.
Brok og skor skjemmer då ikkje, heller ikkje dårleg gamp.

62
Ørnen kurer og sturer til sjøen kommen ved utgammalt hav.
Slik er ein mann mellom mange når få går god for han.

63
Den som vil gå for klok og kyndig, skal spørre og tale saman.
Det éin veit, er utrygt hos to. Det tre veit om, veit alle.

64
Ein mann med vett skal nytte makta si med lempe og som det passar.
Kjem han saman med tigrar [1], finn han støtt at ingen er djerv framfor alle.

„Tigrar“ er ein metafor for „djerve“ her. Hamskiftar-freisting: „I lag med tigrar er ingen jerv framfor andre“. (Humor)
65
Aktsam og gløgg skal ein støtt vere, og varsam i vennelag.
Orda du seier til andre, får du ofte angre sårt.

66
Altfor tidleg kom eg mange stader, og somtid for seint:
Øl var drukke, eller kanskje ubrygga. Den leie treffer sjeldan ledet [1].

Led kan vere opning i gjerde, grind, og kan oppfattast som feiande flott viking-metafor her.
67
Somme bad meg til bords, enda eg ikkje trong mat;
eg hadde nyss ete eit kjøtlår hos den trugne vennen som hadde to.

68
Best for mannebarna er eld på åren og sol på eng,
at helsa er fullkommen, og å leve utan lyte.

69
Ver ikkje vonlaus om helsa veiknar.
Some får glede av søner, somme av å eige fe, somme av velgjort verk.

70
Betre å leve enn livlaus å vere, frisk mann får jo ku:
Eg såg lauseld flamme for den rike. Lik låg framfor døra.

71
Er du halt, kan du ri, handlaus kan du gjete. Er du døv, kan du duge i strid.
Det er betre å vere blind enn brend.
Ein duger lite som død.

72
Det er godt med ein son, enda om han kjem seint, etter at far er død.
Bautasteinar står sjeldan ved vegen om ikkje frendar fekk reist dei.

73
Tunga gjer ende på hovudet mellom to i same hær.
Ei hand kan krype fram frå kvar ei kofte.

74
Ein liker natta om ein har godt med niste (om bord) og skipet siglar med småsegl.
Brå er haustnatta; på fem dagar kan veret veksle mykje – enda meir på ein månad.

75
Den som ikke veit det, trur det aldri, kor galne folk blir for gull.
Ein er rik og ein annan fattig, legg han det ikkje til last.

76
Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv også.
Men godt, fortent ettermæle varer ved.

77
Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv skal også dø.
Eg veit noko som aldri døyr: dom over den som er død.

78
Eg såg fulle kve hos Fitjung-sønene, no ber dei sekk og stav.
Rikdommen er som ein augeblink, meir vinglete venn får du ikkje.

79
Om tåpeleg mann vinn seg fe, og ynde og elsk hos kvinne,
veks byrgskapen, ikkje vitet, og stormodet aukar fælt.

80
Ein får sjølv fakke det er sant som er rune-sagt – runer ifrå høgda, gitt av gudemakter, stav-skorne av den mektige stor-tulen [1].
Den som kan teie har det trygt.

Stor-tul: storgjæv vismann og rite-leiar.
81
Ros dagen først om kvelden,
og kona når ho er brend [1],
jenta når ho vel er gift,
spydet når det er røynd
isen når du er over,
og ølet når det er drukke.

Brend: på likbål. Slik var skikken.
82
Ro sjø i stilt ver, fell skog når det blæs.
Tal med møy [1] der det er mørkt og svalt; dagen har mange auge.
Skip skal frametter, skjold skal verne.
Meininga med sverd er kvasse hogg.
Møya finst for å gi kyss.

Møy: ugift kvinne, jomfru eller jente.
83
Drikk øl ved elden, gå på skeiser på isen.
Kjøp hesten mager og sverdet med rustflekkar.
Feit merra heime og hunden på garden.

84
Jentes ord er uvisst å stole på, og det kvinna kved.
For på kvervande hjul fekk dei hjerta skapt, [1]
brigde var lagd i brystet på dei. [2]

Kverve: forvrengje gi villfaringar, snurre o.a.
Brigde: Omsnuing, omskifte.
85
Stol ikkje heilt på brestande boge, brennande flamme, gapande ulv og galande kråke.
Stol ikkje heilt på brummande [1] svin, rotlaust tre, svellande bølgje og sydande kjel.

Det stod rytande.
86
Stol ikkje heilt på flygande pil, dalande båre, nattgammal is og orm som ligg kveila.
Stol helst ikkje på brure-ord under dyna [1].
Lit ikkje fullt ut på brote sverd, leikande bjørn eller barnet til ein konge.

Eigentlig: breisle: dekke, teppe og anna som er breitt utover.
87
Ha ikkje tru til sjuk kalv eller sjølvråden træl,
Stol ikkje på spåkvinne [1] som stel hjertemakt [2], og på nyfalne på ein val.

Volve: „ei som ber (trylle)stav“. Volver spådde om framtida og kunne ymse slags trolldom.
Eigentleg uttrykk: hugstele, sett saman av orda „hug“ og „stele“. Hug er helst djupt sinn, og tankar – også dragnad. Å hugstele er dåre, ta freden frå (t d ved magi), eller ta friskt mot frå; osb.
88
Lit ikkje på åker som er tidleg sådd, og ikkje for snart på ein son.
Veret rår for åkeren, vettet styrer sonen; det er uvisst med begge deler.

89
Ingen kan vere så trygg at han stoler på den som valda brors død, og eit halvbrunne hus.
Ver ikkje sikker på sprek hest: ingen har nytte av folen om foten brotnar.

90
Slik er hugen i kvinna: den leikar i løynd dårskap: den skal kjøre ut hesten på glattisen.
Dårande kvinnehug er ein lysten toårs hest, dressert med måte –
Hugen i kvinna er stormver-fiske utan ror. Som der den halte hentar reinen på høgfjellet.

91
Eg taler ikkje tildekt no: Skiftande sinn finst òg hos gutar.
Fagraste snakk har falskaste meining; den klokaste kvinna blir dåra.

92
Tal fint og gi fagert om du skal vinne ei jente.
Lov den lyse, vene møya vennskap.
Den som kjæler gildt med jenta, snakkar godt for seg, han får henne:
Den som kan fri, han får.

93
Ingen mann bør gi deg last og lyte for elskhugen din.
Den kloke fell ofte for eit overlag fagert andlet der den dumme står. [1]

Den dumme: fåme, fåming, stor tosk o.a.
94
Legg aldri andre til last det som hender mang ein.
Same kor klok ein er, kan ein bli dåra når kjærleiken kjem og maktstel [1].

Maktstele: ta kreftene frå; lamme.
95
Hugen veit berre kva som bur nær hjertet, og sjølv får ein kjenne det svir.
Å ikkje trivast med noko slag, er verste hugsjuka for vettig mann.

96
Du kan merke at mang ei god møy er sviksam mot sveinar.
Eg fekk røyne [1] det då den rådkloke kvinna eg løynsk [2] freista å lokke, spotta meg hardt,
Den hugstore møya spotta meg hardt, den kvinna vann eg ikkje.

Røyne: erfare.
Løynsk: listig, løyndomsfull.
97
Eg erfarte det då eg sat i røra og kvinna drog hugen frå meg:
Den herlege møya var liv og lyst for meg. Endå eg aldri fekk henne.

98
På ein madrass låg Billings møy og kvilte og sov, klar som sola. [1]
Sjølv å aktast som høgste høvding var lite verd om eg ikkje skulle få henne, syntest eg. [2]

Billings møy: „Madrass“ er tillemping.
Høgste høvding, nest etter kongen, blei kalla jarl.
99
„Kom heller mot kveld, om du vil tale med møya, Odin.
Ille blei det om andre fekk sjå slik skam.“

100
Eg gjekk attende med elskhugs voner, reint frå sans og samling.
Eg åtte møya sin heile hug trygt. Trudde eg.

101
Andre gongen eg gjekk til henne, var vaktfolka vakne.
Med lys og faklar jaga dei meg vekk.

102
På morgonkvisten kom eg att; då var vakta i salen sovna.
Men der [1] den fagre hadde sove, låg ein hund i band.

På leget, liggjeplassen.
103
Ver framifrå mot gjest og gladlynt heime, støtt vis og varsam,
flink å hugse og flink til å snakke deg fram [1], vil du bli kalla klok på mangt.
Tal ofte om det som er godt og vel.
Gap kallast den som seier berre lite: det er stakkars vett.

Snakke deg fram: Snakke deg veg, snakke for deg, altså talefør, forstandig i tale, ordhag, flink å målbere ting og flink i ordleggjing.
Det stod „målvis“, frå mål som kan ver tale, språk o.a.“ + vis, som er særs klok, djuptenkt, klarsynt, med greie på ting. Samansetjinga kan tyde litt av kvart, og kan bli omsett ulikt, etter smak.
104
Få ting fekk eg teiande hos Jotungubben [1]. No har eg komme att frå han.
Med mange ord vann eg meg mykje til gagn i Suttungs salar.

Jotungubben: Suttung, far til Gunnlod.
I norrøn tru var ein jotun (eller jutul) eit uhorveleg stort og sterkt vette i strid med gudar og menneske, men nok ikkje støtt: I kapittel 2 av Orknøyingsoga står det at kong Rolf i Hedmark var son til Svade jotun nordafrå Dovre, til dømes. Eit vette er elles ein overnaturleg skapnad eller ei ånd som held til (1) ute i naturen, eller (2) nær menneska. Eller (3) begge deler. Eventyret „Jutulen og Johannes Blessom“ frå Asbjørnsen og Moes samlingar syner vidare utviklingar av ideane.
105
Gunnlod gav meg ein drykk av vørda mjød på gullstolen. Usselt vederlag let eg henne få.
Ho gav meg all sin tillit, ho gav meg heile hugen [1] sin.

Hug: mellom anna lyst, trå, dragnad og sinn. Så ho gjekk heilt ut inn for han.
106
Navaren rudde veg for meg, den gnog hard stein. [1]
Over og under var fast fjell [2], då gjekk det på livet laust. [3]

Det står „rata-tanna“. Det er ei omskriving. Rate er truleg frå „rotte“. Rates tann eller munn er ein navar,. Det er eit handreiskap til å bore hol med. Ei Odinsmyte fortel om ein gong navar blei nytta til å bore gjennom berg for å få Suttungs mjød – ein vin.
Fast fjell: Det stod „Jotunvegar“. Det er omskriving for berg.
Tilgrensande norrøn myterestar utdjuper det oppsummerande verset. Verset kunngjer at då guden Odin bora seg fram og var simpel, var det særs farlig. Han fekk like fullt fram diktarkunne til gagn for menneska.
Jamføring: I gresk forståing var det farleg å bringe eld og varme til menneska; Prometeus blei straffa nådelaust.
Og til ettertanke:
„Den som borar seg opp og fram for menneskes ve og vel, handlar på mange måtar fælt mot dei som ikkje er menneske og fakirar.“
107
Det vene eg vann har eg note godt og vel; den verkeleg vise [1] manglar lite.
For no er Odrere [2] kommen fram i dagen der menneske byggjer og bur [3].

Vis: også kunnig.
Odrere: Prøv „den sjelevekkjande skaldegåva“. [Sjå Munch 133n]
Midtgard er eit anna ord for „midtens rike“ (ikkje Kina) Det er der menneska lever og bur.
108
Det spørs om eg hadde komme ut frå jotungarden
om ikkje den dyrebare Gunnlod-jenta var blitt min eigen venn.

109
Andre dag kom rimtussane [1]. Dei ville vite nytt om Den høge [2] i Den høges hall.
Dei spurde etter Odin [3]: var han berga hos dei bittande gudane, eller hadde Suttung slått han i hel?

Rimtusse: jotun som levde mot nord i is og snø.
Den høge er eit av namna på Odin.
Det stod Bolverk; det er enda eit namn på Odin. Det tyder „ein som er opphav til ulykke(ne)“. [Munch 33]
110
Då svor Odin ein eid på ringen, kven kan stole på hans lovnader [1]?
Han sveik Suttung for skaldedrykken og fekk Gunnlod til å gråte sårt.

Stadfestingar, garantiar, forsikringar, dyre ord o.a.
111
Tid er å tale frå tule-stolen [1] attmed kjelda til all lagnad [2].
Eg såg og tagde, såg og tenkte, lydde på mannemål.
Ved Den høges hall [3] tala dei om runer, og dømde om tydingar. [4]
I Odins hall hørte eg dette bli sagt:

Ein stol som tulen, den norrøne vismannen, nytta når han tala.
Urd-brønnen, Urd-kjelda. Dei tre fremste lagnads-gudinnene i norrøn tru budde ved brønnen. Urd er namnet på den eine. [Meir i Munch 65]
Den høges hall er Odins hall, ein høg stad, og kan mellom anna stå for eit rett høgt (subtilt) tilvere-plan – altså Odin-nivå. Det er rom for mange omtolkingar.
Runer er dei norrøne bokstavane, det alfabetet. Runer blir kopla saman med maktfull divinasjon også, og slik lagnads-lesing verkar mykje vilkårlig. Det er som det skal vere, heiter det. „Dømde om tydingar“ kan vere „råd blei lest,“ „råd blei gitt“, eller „råd openberra“ som det går fram av to av omsetjingane, men kan også vere mykje anna og meir.
112
Ta vel imot gode råd, Loddfåvne [1], lær dei og ta nøye vare på dei: dei kan vere gagnlege å fikse og kjekke å gripe til: [Sjå notar bak]
Stå ikkje opp om natta utan for å snuse [2] eller i naturens eige ærend [3].
Loddfåvne er ukjent. Siste del av ordet, „fåvne“, skal tyde „den famnande“. [Sjå Munch 192]
Vers 112-13; 115-17; 119-22; 125-32; 134-35; og 137 tek til sameleis – truleg for å innprente [Notar].
Speide og sjekke opp sitt kan vel også høve, og kanskje også halde vakt med diskret patruljering attåt.
Naturens ærend omfattar å søkje opp ein viss stad for slikt som urinere og ha avføring.
113
Kvil aldri hos ei heks [1] så ho får deg i famn [2].

Her stod „trollkunnig kvinne“ som tyder det same: – ei som kan trolle: kunnig i løynlege, overnaturlege kunster; i å forhekse, trylle, mane og slikt.
Alternativ: „- så ho let att lemmane om deg“.
114
Ho plar greie å få til [1] at du ikkje sansar [2] krav frå ting [3] eller konge.
Mat og menns moro [4] gir deg mothug [5], du legg deg sorgfull til å sove.

Greie å få til: evle, makte.
Det står „håttar“: det er også kome i hug, og hugse.
Samla folkerepresentantar utgjer eit verdig ting.
Enda eit ord: „gaman“, som er hugnad, trøyskap, glede; moro; eller skjemt i lag.
Mothug kan vere aversjon, antipati, uvilje og ulyst.
115
La ikkje kona til ein annan bli slavekvinna og elskarinna [1] di.

Her stod „frille“, som er elskarinne, konkubine.
116
Har du hug på [1] å ferdast på fjell eller fjord, så få med deg godt med nistemat.

Like, ha lyst til.
117
Eit vondt menneske skal du aldri la vite om uhellet ditt.
Av dårlege menn vinn du aldri att likt for godhug [1] du har vist.

Velvilje, sympati; kjærleik.
118
Eg såg ein mann bli halshogd på grunn av vond kvinnes ord.
Falsk tunge [1] fekk han drepen, ho sa ikkje det som var rett og sant.

Falsk tunge: svikfull, utru tale og slikt.
119
Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte [1],
for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går.

Dra ofte dit han bur, far (av garde) og treff han ofte o.a.
120
Finn deg ein god venn å tale med til glede og gagn; [1]
lær klok og godlynt takt alt mens du lever. [2]

Det kan også vere: „Lokk gamans-runer av god kar“ eller „lokk ein god mann til gaman og gjensidig tiltru“, som det heiter etter eit par danske og svenske omsetjingar.
„Godlynt takt“: her kan ein skrive „mildskap“, frå mild: godlynt, vennleg o.a. God takt er nokså likearta.
Elles kan kanskje fråsegna oppfattast slik: „Lær deg omsorg for andre“, „lær deg legedoms-galder“, „lär dig tjusa folk att hålla dig kär“, og „learn a healing song while you live“; slik har andre tolka dette.
Til dette: galder var trolldom drive av menn. Dei kunne bli meir enn mislikte for slik verksemd. [Sjå Munch 290]
121
Ver aldri den første til å løyse det du og ein venn har felles. [1]
Sorg et hjertet om du ikkje har nokon å opne hugen for. [2].

Eller: „er to om med vennen din; samde om;“ eller „bryte hopehavet, bryte felless Gib dem Gehenden gern. br /kapet; løyse laget“: Her er „lag“ heller mangtydig. Det kan vere noko som er: (a) sett samen for å ha (rett) orden, ein tilvand tilstand, (b) måte el. grad; veremåte, tilstand; (c) samvære; selskap; arbeidsmåtar som høver saman – helst det som høver frå c-pulja. Det finst også andre alternativ.
Eller: „dele med“, som kan vere „seie alt du veit, kan og kjenner til“; „gi heile din hug til“; „dele tankar og anna med“; „tru deg til (betro (bm) deg til)“; „seia heile din hug (ditt sinn) til“; „opne hjertet for“; m.v.
122
Diskuter ikkje med ein dum apekatt. [1]

Det står „skifte ord“ i ei anna omsetjing. Skifte ord kan vere diskutere og drøfte, kanskje krangle.
Svensk: med dåraktig dumbom. „Dumstut“ kunne også høve.
Elles: Det finst mange vriar og tilnærmingar: „Ein diskuterer ikkje med ei dum ape,“ syner noe. Med „helst“ i seg kunne ordtaket passa langt betre. Ein kan også få fram svært mykje slik: „Det lønner seg ikkje å diskutere med ein dum apekatt“ – det er vel det som er avgjort. Og dessutan er det nyttig å ha i mente sånt som „Ein verken drøftar og rådslår med ein forstokka apekatt“ – det er nyttig visdom, kom dei gamle fram til.
123
Av vonde karar får du aldri løn for bra gjort.
Men ein god mann mellom naboar gir ros som venn og gjer deg avhalden etter kvart.
Eller:

Vent aldri løn frå vonde menn for vel gjort,
vent aldri løn for bra du gjer for vonde karar.
Men ein god mann mellom grannar gir enkel venneros som høver, og gjer ved det avhalden – mest etter kvart. [Meir under notar].
124
Samd er vennskap når ein kan fortelje den andre alt ein har på hjertet. [1]
Å vere vinglete er verst av alt, og den som roser alt, er ikkje venn.

Alt ein har på hjertet: all sin hug.
125
Kast ikkje vekk så mykje som tre ord på å veksle ord [1] med eit vondt menneske; den gjæve gir seg tidt der den simple tek liv.
Veksle ord, skifte ord, byte ord: Dei fleste omsetjingane eg har sett i, har vald „trette“ i staden for „veksle ord“, som er sikrast. Å veksle (skifte) ord med ein bavian kan utarte til amper diskusjon og trette og verre sia, kanskje faderleg fort. Jf vers 122; det er sameleis der: Ordveksling med leie og for dumme er ikkje tilrådd, men ordknapp framferd som har mykje for seg.
126
Lag ikkje sko eller skaft til andre; ver glad du greier deg sjølv.
Om skoen blei stygg eller skafter var rangt, då er ulykka ute. [1]
Verset taler for mykje sjølvhjelp. Rang eller vrang, tyder mellom anna feil, gale, som engelske „wrong“. At ulykka er ute vil ikkje seie den er over, men på ferde.
127
Merkar du vondt, så kall det vondt; gi ikkje fienden fred.

128
Gled deg aldri over ille, men la vondt bli snudd til godt (for deg). [1]

Vanleg alternativ til slutten: Gled deg ved det som er godt.
129
Sjå ikkje oppetter i kampen, så forheksar [1] fienden deg sikkert ikkje til redd og gal purke [2].

Det rette ordet er fjetre: binde, trollbinde, altså forhekse.
Ein får vel oppfatte fjetringa til gal gris som metafor over ein det løper løpsk for.
130
Vil du få glede av ei framifrå kvinne og ha glade stunder med henne, så lov flott og fagert og hald det. [1]
Den blir glad, som får noko godt. [2]
‚Framifrå‘ som står her, var ‚gjæv‘. Det som er omsett til ‚glade stunder‘, kan somme tyde annleis.
Ein annan siste periode: God gåve er kjærkommen.
131
Ver vâr, men med måte, mest med øl og kona til ein annan.
Pass også på så ikkje tjuvfant stel frå deg.

132
Hån aldri ein gjest eller ferdamann, og driv ikkje ap med dei heller.

133
Ofte veit dei ikkje sikkert, dei som sit i huset, kva slags kar som kjem;
Ingen er så god at han er utan feil eller så dårleg at han ikkje duger til noe.

134
Fjas aldri med gråhåra tul; det er ofte godt, det dei gamle talar.
Skarpe og kloke ord kjem ofte frå eit skrukkerskinn,
jamvel om kleda heng og hud-skorne sleng,
og han stotar som ein stakkar.

135
Skjell ikkje som ein hund ved grinda mot gjesten;
ta vel imot ein trengande mann.

136
Den må vere sterk, stokken i grinda som skal svinge og opne for alle.
Avsjå noko i gåve i ny og ne, så ingen vil ønskje at vondt skal ramme deg.

137
Søk jordkrafta om du drikk øl, for jord gagnar mot ølrus,
eld står mot sjukdommar,
eik mot hardt liv,
aks mot trolldom,
hyll mot tretting i heimen –

Mot hat hjelper månen –
meitemakk mot sjukdom frå bitt,
mot skadeverk runer,
og fast jord mot flaum.

138
Eg veit at eg hang på vindgynga tre i ni netter,
Eg var stukken med spyd, gitt til Odin, eg sjølv til meg sjølv,
høgt i treet – ingen veit kor røtene til det kjem frå.

139
Ingen baud meg brød eller mjød.
Eg speida skarpt ned frå treet.
Så ropte eg ut runer og fall ned frå treet til slutt.

140
Ni kraftsongar fekk eg av sonen til Boltorn, far til Bestla;
Eg fekk drikke dyrebar mjød, Odrøre auste den opp for meg.

141
Då blei eg frodig og vann til kunnskap, vaks og trivdest vel; Ord leidde meg frå ord til ord, og verk frå verk til verk.

142
Runer skal du finne, runer å tyde – svært store stavar, svært sterke stavar;
stor-tulen farga dei, maktene grov dei fram, Ragna-Ropt skar dei.

143
Odin for æsene, Dain for alvane, Dvalin for dvergane, Asvid for jotnane. Eg rista også nokre runer.

144
Kan du riste dei? Tyde dei? Farge dei? Prøve dei?
Be og blote med dei? Sende dei? Øyde dei?

145
Ubedt er betre enn ovblot,
gåve krev gåve til gjengjeld,
betre usendt enn ofra for mykje.
Slik rista Tund [Odin] det før tida rann.
Så drog han dit han kom frå.

146
Kveda mine kan ikkje kongen si frue, heller ikkje mann eller møy.
Hjelp kallast eitt, og det vil gagne deg mot alle saker* og sorger og suter.

147
Det andre eg kan, er overlag godt for alle som vil lære å lækje.

148
Den tredje kan eg galdre om eg treng å stagge dei som hatar meg;
uvenners eggar blir sløva så våpen ikkje bit og stavar ikkje stikk.

149
Det fjerde kan eg ty til om fiendar vil leggje band om lemmane mine:
då galdrar eg at eg kan gå, så fotlenkjene fell av føtene og handlenkjene losnar.

150
Det femte eg kan ty til, er når eg ser eg fiendepil skoten gjennom fylkingen:
eg stoggar ho nok, kor sterkt ho enn flyg, så sant eg når ho med synet.

151
Det sjette kan eg bruke om einkvan skadar meg med runer skorne på frisk rot, så den som vil eggje meg opp til argskap, får meir skade enn eg.

152
Det sjuande er for om eg ser salen stå i logar omkring sovande folk:
kor vidt det enn brenn, bergar eg hallen; den galderen kan eg gale.

153
Det åttande eg kan er nytteleg å kunne for alle:
om hat veks opp mellom høvdingsøner, kan eg bøte det brått.

154
Det niande eg kan, er for å berge båten i havsnaud.
Då stiller eg vinden så sjøen blir roa.

155
Det tiande kan eg ty til om eg ser tun-troll leike oppi lufta.
eg vender det så dei fer vilt – heim utan hamar og hugar (utan form og utan sinn).

156
Det ellevte kan eg bruke når eg skal leie gamle venner ut i strid:
eg gjel bak skjoldkanten min; då går dei friske og med kraft til striden, går uskadde ifrå den, og kjem uskadde heim att.

157
Det tolvte kan eg bruke når eg ser ein daud mann dingle.
Då rister eg runer, rister og målar så han som hekk der, går og pratar med meg.

158
Det trettande er for når eg vigslar ein gut med vatn – så han ikkje fell om han kjem i ufred, og ikkje misser hausen for hogg.

159
Ved det fjortande nemner eg gudane ved namn for folk:
Alle æser og alvar kjenner eg: sjeldan kan ein ukunnig slikt.

160
Det femtande er det som dvergen Tjodrøre kvad ved døra til Delling:
han gol kraft til æser, dugleik (kunnigheit, trivsel) til alvar, framsyn (vett og visdom) til Roptaty (Odin) (Delling: Far til Dag, dvs. Daggryet).

161
Det sekstande har eg til å få hugnad og gaman frå ei klok, ugift kvinne.
Eg fangar inn hugen til den kvitarma jenta – vender heile hugen hennar.

162
Det syttande eg kan, er at ei ung, vakker kvinne seint vil skiljast ifrå meg.
Det kan ta lang tid å lære desse kvedene, Loddfåvne. Men det er nyttig å lære dei, til hell å hugse dei, til gagn å fatte dei (jfr. note til vers 112.)

163
Det attande eg kan, fortel eg verken til møy eller manns kone, sia „Alt er best som ein er eine om å kunne“ – med unntak frå den eine som omfamnar meg, eller er søstra mi. Det er slutten på songen.

164
No er Håvamål kvede i Den høges hall,
til nytte for menneskesøner, men ikkje for jotunsøner.
Hurra for den som kvad, hurra for den som kan;
nyt det, du som fatta; gled deg, du som lytta. [Dei to siste linene er gitt att litt fritt].

Nächster Artikel

02. August 2018

Vorheriger Artikel

29. Juli 2018

Lesetipps

Unsere Empfehlungen